Røykjenes - Fetts fk. 1, Børshovden

Bygdeborg. Her er eit trekanta område på ca. 50x50 m lengst i SV. Borga er sers bratt eller loddbein i SV og NV. Også mot S er han sers bratt, eit noko slakare parti midt på er sperra med ein 19 m lang mur. Kortenden i NO er ein hamar der berre eit lite skard måtte sperrast i ein avsats nedanfor ein knaus. O for denne går ein ca. 13 m lang mur i slak boge mot S. Alle murar er utrasa. Toppen er 182 moh. Det litle skardet må oppfattast som inngangen til borga. Men hit kjem ein berre frå kollen nordanfor med oppgang i austre "hyrne".

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/106039
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=316999&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Universitetsmuseet i Bergen
Publisher Askeladden
Publication Year 2017
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.493W, 59.588S, 5.494E, 59.589N); Sveio