Rødde vegen Bakkjen - Årlia

Rideveg, i bruk som presteveg frå katolsk tid til 1760, i allmenn bruk til 1950-åra og noko til 1993. Merka som turløype i 2001. Frå garden Bakkjen oppover (vestover) til og med Hessmyr er ridevegen lik eller mest lik traktorvegen. Frå Hestmyr går ridevegen opp Hestdalsbròtet, ned til utlaupet av Lægje, nær Sjålsøkkjå, forbi Prestkjeldå, langs foten av Slethei (nordafor Haltetjødn) til eit nyare løypekryss. Her kjem det til ei tilkoplingsløype frå køyrevegen som blei bygd i 1993. Frå løypekrysset og vestover held ridevegen fram over ei hei og opp neste hei til nordre kant av Høge Varen (Store Varden) som er det høgaste punktet, 500 moh. Ridevegen held fram nedover (vestover) og går mellom Stivlevatnan til Torsheddar (Stivleknutheddaren) ved kommunebytet. Strekningar i skrånande lausmassar ber preg av hôlveg, andre strekningar går over berglendte heiar.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/181088
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1169451&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2015
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.113W, 58.370S, 7.189E, 58.380N); Hægebostad