Eidehøvdingens tun

Den eldste bygningen var eit 24 m langt og 7,7 m breitt langhus frå FRJA. Det vart erstatta i Y.RT av nytt anlegg. Hovudbygget var eit 43,3 m og 8 m breitt langhus med fleire inngangar, rom, eldstader og med plankeveggar i syllstokk. Det har blitt bygd opp att to gonger. Midt i huset låg ei stort rom tolka som hall. Eigen fjøs låg parallelt med hovudbygget og hadde spor etter båsar. Ei geil førte ut frå fjøsen og tunet. Like ved tunet låg eit inngjerda kokegropfelt. Det var også kokegroper rundt om i tunet. Anlegget er sett i samband med den svært rike Evebøgrava 3-400 m lenger nord, datert til 450-500 e.Kr. Området vart registrert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og utgravd av Bergen Museum i 2000. Pga. av dei svært særmerkte funna vart området ikkje bygd ut. Det er av kommunen regulert til kulturminneområde og vedteke å tilrettelegge til publikum.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/296690
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2774819&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.232W, 61.766S, 6.233E, 61.767N); Gloppen