Hummelsund - Fetts fk. 7/1-3 og 5 Lok. 1 (2001)
Hustufta Fetts fk. 7/1 ligg 40 m NV for Kvalvikja tett S for ein knaus. Tufta er 8 x 5 m i firkant. Ved sjøen framfor ligg restar etter to oppmuringar. Hustufta fk. 7/2 ligg tett oppunder berget 20 m O for fk. 7/1. Ho er 8 x 6 m. Innhegninga fk. 7/3 ligg tett opp til bergveggen NNO for vika. Ho er bygd av store steinar 18 x 6-8 m i firkant, langsida noko innbogen. Gjerdet fk. 7/5 er bygt av store steinar og følgjer flomålet rundt vika. I 2001 vart området registrert på nytt, og fleire kulturminne vart oppdaga.
Tuft 1: Denne tufta er den minst synlege tufta i området. Tufta teiknar seg likevel klårt i landskapet, med synlege restar etter steinveggar. Stein frå denne tufta har truleg vore brukt i yngre steinbrygger og til ilar i laksenøter. Ein kan heller ikkje sjå vekk i frå at stein frå denne tufta er brukt i yngre bygningar på lokaliteten. Veggane er synlege nokre stadar, der større stein ligg på rekke. Ein ser heilt klårt at stein er fjerna frå veggane, og at det berre enkelte stader ligg att stein. Tufta er best bevart i nordvest. Her ser det også ut til å vera spor etter ein inngang. I det vestlege hjørnet på tufte er det bevart fleire lag med stein i ein tørrmurt grunnmur. Det ser ut til at denne tufta har hatt jordgolv, med steinpakning og eldstad sentralt i tufta. Med sonderingsborr kan vi fylgje steinstrukturen under torva. Tufta måler 8,5 x 4,5 meter og er orientert nordvest ¿ søraust. I tillegg til dei synlege spora i overflata er avgrensinga av tufta i den enden kor den er skada gjort med sonderingsborr. Vi kom ned på eit kulturlag og ein steinpakning innafor veggstrukturane. Det vart opna ei prøverute om lag midt i tufta. I delar av prøveruta er det avdekka hjørnet på ein oppmura eldstad. Denne kjem tydeleg fram både på profilteikning og flatefoto. Profilen i prøvestikket er sett saman av øvst eit lag med torv på 10 ¿ 18 cm (1). Dernest kjem eit mørkt brunt humushaldig sand- og gruslag på 5 - 10 cm, ispedd noko trekol (2). Laget er funnførande. Ved sida av dette kjem det eit lag på 15 cm som liknar på lag 2, men med meir humus og mindre trekol (2b). Dette laget er noko mørkare på farge enn lag 2. Under desse laga finn me ein steinstruktur som er tolka som ein eldstad, og innafor denne er det eit svart humushaldigt lag med mykje trekol, brende bein og skal av hasselnøtt. Dette fyllskiftet har ei djupne på 25 cm. Steinane i laget er skjørbrent, og det er få funn i dette fyllskiftet. Nedst finn me svart humushaldig fuktig myrmold utan funn. Det er spreidde trekolbitar øvst i laget. Det vart det gjort ei rekkje funn i tufta. Der er avslagsmateriale i flint og kvarts, samt fragment av bakstehelle og to bitar glas (grøn glasrute). I tillegg vart det funne trekol, brent hasselnøt og bein. Fragmentet av bakstehella og biten av glasrute peikar i retning av ei datering av bruksfasen i tufta til mellomalderen. Det vart tatt ut trekol til dateringsprøve frå eldstaden (lag 3). Trekolet vart radiokarbondatert til BP 830 +- 60, som gjer kalibrert alder 1170¿ 1275 e.Kr (T-15337). Dette plasserar bruksfasen av tufta til mellomalder. Tufta er frå ein periode av førhistoria som vi har få dateringar frå, og i særleg grad i frå landsbygda. Det er ikkje avdekka spor etter jordbruksdrift i området kor tufta ligg, noko som tydar på at tufta har samanheng med utnyttinga av fiskeressursane i området i mellomalderen.
Tuft 2: Hustuft 2 ligg 12 meter søraust for hustufttuft 1. Tufta er godt synleg, og ligg kloss inn til ein steil bergvegg. Like vest for tufta ligg det eit lavt berg. medan det veks nokre grantre på utsida i aust. Frå tufta og ned til sjøen er det 12 meter. Her ligg det ein vor, og bruken av denne kan truleg knytast til denne tufta. Tufta er firkanta, og måler 8 x 8 meter. Høgda på veggane er på opp til 70 cm. Nokre stader, særleg i søraust, er det fleire lag stein i tørrmur. Samla sett har denne hustufta eit noko yngre preg enn dei andre tuftene i området. Den ser ut til å ha eit tørrmurt underbygg som gjer støtte for eit golvbjelkesystem i ein lafta bygning. Hustufta er registrert frå før, og omtalast som funnkartet nr. 7/1 i Fett. I fylgje registreringa ligg hustuft 1 40 meter nordvest for Kvalvikja, tett sør for ein knaus, og er 8 X 5 meter i firkant. Ved sjøen framanfor ligg restar av to vorar. Under registreringa vart hustufta dokumentert med teikning og foto, men det vart ikkje prøvestukke for å ta ut dateringsmateriale.
Tuft 3: Hustuft 3 ligg 16 meter aust for hustufttuft 2. Tufta er godt synleg, og ligg like nedanfor ein steil bergvegg. Eit plantefelt med gran startar ved denne tufta og strekker seg i ei boge langs fjellveggen søraustover til ein er forbi tuft 7. Det tette granfeltet gjorde registreringa av tuftene vanskeleg og har delvis forstyrra tuft 3 til 7. Frå tufta og ned til sjøen er det 30 meter. Her ligg det ein vor, og bruken av denne kan truleg knytast til denne tufta. Tufta er rektangulær, og måler 8 x 7 meter. Veggane er delvis rydda vekk. Ein oppmura eldstad er synleg i det SV hjørnet av tufta. Frå tufta og ned til Kvalvikja er det vel 15 meter. Denne tufta ser ut til å ha delvis hellelagt jordgolv. Inngangen er synleg i N delen av austveggen, og framom denne er det mura opp ein tram og ei rekke med stein strekker seg her i frå og ned til flata i vika. Hustufta er registrert frå før, og omtalast som funnkartet nr. 7/2 i Fett. I fylgje registreringa ligg hustuft 2 tett oppunder berget 20 meter aust for 1, og er 8 X 6 meter. Under registreringa vart hustufta dokumentert med planteikning og foto.
Tuft 4: Hustuft 4 ligg 5 meter nordaust for tuft 3, kloss inn til bergveggen. Tufta ligg inne i ein innhegning, og er om lag 7 x 5 meter. Innhegninga er bygd av stor stein og er 20 meter lang og går i ei boge ut til midten der den er 10 meter frå bergveggen. Frå tufta og ned til sjøen i Kvalvikja er det 20 meter. Hustufta er nyregistrert. Innhegninga er registrert frå før, og omtalast som funnkartet nr. 7/3 i Fett. I fylgje registreringa ligg den tett opp til bergveggen NNA for Kvalvikja, og er bygd av store steinar 18 X 6-8 meter i firkant. Langsida er noko innbogen. Under registreringa vart hustufta dokumentert med teikning og foto.
Tuft 5 Hustuft 5 ligg 9 meter søraust for hustufttuft 4. Tufta er godt synleg, og ligg kloss inn til den steile bergveggen. Det er lagt opp stein frå innhegninga og bort til denne tufta. Frå tufta og ned til sjøen er det 12 meter. Tufta er måler 8 x 5 meter. Høgda på veggane er på opp til 70 cm. Inngangen er synleg i kortveggen i vest. Denne tufta er ikkje registrert frå før. Under registreringa vart hustufta dokumentert med planteikning og foto, men det vart ikkje prøvestukke for å ta ut dateringsmateriale.
Tuft 6: Hustuft 6 ligg 2 meter søraust for hustufttuft 5. Tufta er godt synleg, og ligg kloss inn til den steile bergveggen. Frå tufta og ned til sjøen er det 11 meter. Tufta er firkanta, og måler 5 x 5 meter. Høgda på veggane er på opp til 70 cm. Inngangen er synleg i veggen mot sørvest, ned mot Kvalvikja. Denne tufta er ikkje registrert frå før. Under registreringa vart hustufta dokumentert med teikning og foto, men det vart ikkje prøvestukke for å ta ut dateringsmateriale.
Tuft 7: Vel 10 meter søraust for tuft 6 ligg tuft 7, som er ei av dei mest synlege tuftene på lokaliteten. Tufta teiknar seg klårt i landskapet, med synlege restar etter steinveggar. Det ser imidlertid ut til at det er henta stein til ilar i laksenøter frå alle tuftene på denne sida av Hummelsundet. Veggane er synlege i form av større stein som ligg på rekke. Ein ser heilt klårt at stein er fjerna frå veggane. Inngangen er det spor etter i kortveggen mot vest. Det ser ut til at denne tufta har hatt jordgolv, med steinpakning under. Ein oppmura eldstaden er godt synleg i det søraustre hjørnet. Tufta måler 7,5 x 5 meter og er orientert aust ¿ vest. Undersøkingar med sonderingsborr synte at vi kom ned på eit kulturlag og ein steinpakning innafor veggstrukturane. Det vart opna ei prøverute om lag midt i tufta. I tillegg er det ved denne tufta registrert ei innhegning og i tilknyting til denne fire oppmura «båsar» på skrå opp mot innhegninga. Desse kan truleg setjast i samanheng med opplag av båtar. Innhegninga strekker seg 5 meter ut frå hjørnet på tuft 6 før den går i rett vinkel 12 meter mot hjørnet på tuft 7. Dei oppmura «båsane» som ligg inn til innhegninga har ei breidd på 2,5 - 3 meter og er retta mot Kvalvikja i sørvest. Frå tufta og ned til sjøen i sørvest er det 16 meter. Profilen i prøvestikket er sett saman av øvst eit lag med torv/skogsbotn på 8 cm (1). Dernest kjem eit mørkt brunt humushaldig sand- og gruslag med litt stein på 10 cm, ispedd noko trekol (2). Under dette kjem det eit lag på 25 med mørk brun til svart sand og grus med steinpakning. Laget er noko humushaldig og inneheld mykje trekol (3). Laget er funnførande og inneheld ein del brente bein. Nedst finn vi steril undergrunn i form av lys brun sand, grus og mindre stein. Det vart gjort ei rekkje funn i tufta. Der er avslagsmateriale i flint og kvarts, samt fragmenter av bakstehelle og ein jarnnagle. I tillegg vart det funne trekol og brente bein. Fragmenta av bakstehelle peikar i retning av ei datering av bruksfasen i tufta til mellomalderen. Det vart tatt ut trekol til dateringsprøve frå lag 3 i prøveruta. Trekolet vart radiokarbondatert til BP 555+- 55, som gjer kalibrert alder 1320 ¿ 1430 e.Kr (T-15338). Dette plasserar bruksfasen av tufta til mellomalder. Tufta er frå ein periode av førhistoria som vi har få dateringar frå, og i særleg grad i frå landsbygda. Det er ikkje avdekka spor etter jordbruksdrift i området kor tufta ligg, noko som tydar på at tufta har samanheng med utnyttinga av fiskeressursane i området i mellomalderen. Denne tufta, innhegninga og dei mura «båsane» er ikkje registrert frå før. Båtstø: Framom tuftene 3 - 7, som ligg på rekkje inn til bergveggen inne i granskogen, ligg det eit vel 60 meter langt gjerde i ei boge rundt flomålet i Kvalvikja. Dette gjerdet har truleg samanheng med det store rydda båtstøet i vika. Det er også rydda stein inn til dei to berga som ligg tørt ved fjøre sjø. Gjerdet er registrert frå før, og omtalast som funnkartet nr. 7/5 i Fett. I fylgje registreringa er gjerdet bygd av store steinar og fylgjer flomålet rundt vika. Det vart teke to prøvestikk på flata mellom gjerdet og tuftene i vika. I PS 1 vart det funne delar av ein mogleg fiskekrok i jern.
| Provenance | |
|---|---|
| Creator | Vestland fylkeskommune |
| Publisher | Askeladden |
| Publication Year | 2004 |
| Rights | NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/) |
| OpenAccess | true |
| Contact | askeladden.hjelp(at)ra.no |
| Representation | |
|---|---|
| Language | Norwegian |
| Version | 20180301 |
| Discipline | Archaeology |
| Spatial Coverage | (5.045W, 60.172S, 5.046E, 60.173N); Øygarden |
