Tjennskarknuden på Gausdalviå

Her skal ha stått ein vete i mellomalderen. Her blei bygd ein landmålingsvarde rundt 1850. Nåverande firkanta landmålingsvarde blei bygd under 1. verdskrigen, datt seinare delvis ned, men blei bygd opp att i 1999. Ved sida av landmålingsvarden blei det brent bål under tusenårsnatta 1999/2000. Dei gamle på Espeland sa Tjennskarknuden der tjenn (gamalnorsk tjarnar) var genitiv av tjørn. Jf. namnet på tjørna like ved. Somme har modernisert namnet til Tjødneskarknuten. Utsyn til Hekkfjeddet i Eiken, Tindefjeddet i Åseral, Stakksteinsliknuten i Hægebostad, Sjåvassknuten i Åseral, Årdalsnapen i Bygland (vete), Blomliknuten i Hægebostad (vete?), Bertesnapen i Evje, Himmelsyna i Evje/Mykland, Ørteknappknuten i Bjelland (vete?), Visåsheia (vete) ved Ropstadknuten i Hægeland, Skogeknuten i Laudal/Konsmo (vete?), Moseidvarden i Øvrebø (vete?), Slettehei i Vennesla/Tveit, Hesteheia i Greipstad (vete?), Skråstadveden i Oddernes (vete), Gråmannen i Kristiansand, Djubedalsheia i Holum, Drøpta i Sør-Audnedal, Ryvingen fyr i Halse og Harkmark, Lindesnes vindkraftverk i Spangereid, Skibmannsheia i Spangereid (vete), Kaldåskniba i Lyngdal/Herad, Storfjell på Lista, Lista vindkraftverk på Lista, Langelandsfjellet på Hidra, Frøytlandsveden i Feda (vete), Voreknuden i Lund (vete), Haueheia i Kvinesdal, Gråhei i Bakke, Lakssvelafjedlet i Bjerkreim, Skykulo i Helleland/Bjerkreim, Hovsknuden i Tonstad, Hilleknuden i Øvre Sirdal og Grunnevassknuden i Fjotland.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/109079
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=759962&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.132W, 58.296S, 7.132E, 58.296N); Hægebostad