Veten Eldsfjellet

Veten på Eldsfjellet er kjent i frå fleire kjelder, plasseringa er truleg på høgste punkt på vestre del av Eldsfjellet, her er i dag ein steinvarde og ei røys i søre kant av anlegget. Fjellet er utan vegetasjon og relativt flatt. I 2025 vart det gjort ei arkeologisk registrering av røysa sør for steinvarden ved BCON prosjektet. Veten på Eldsfjellet var truleg del av kystvarslingssystemet som gjekk frå sør og nordover. Vetesystemet skal ha blitt etablert så tidleg som på 900-talet, men har etter 1100-talet vore ein viktig del av landvernet til kongeriket Noreg og seinare i dansketida. Veten skulle signalisera i frå Lyderhornsveten i sør langs skipsleia nordover. Neste kystvete stod truleg på Fedje. Signalet frå veten gjekk og austover.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/341290
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3379719&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2026
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.031W, 60.586S, 5.032E, 60.586N); Alver