Fjellet går bratt opp på alle kantar, men er berre 3-5 m h. langs S-sida. Lengst i SA er ein horisontal benk i loddrett fjell, den danner ein ca 1 m br. naturlig inngang til nedre borgplatå. Platået er rombeforma, orientert NV-SA og måler ca 40x25 m. Det er nokså flatt og gir god livd.I. Ved S-kant av platået og fra inngangen går ein mur, orientert NA-SV. I SV støyter den til ein tverrmur som går langs A-kant av øvre platå. Muren er mykje utrasa, bygd av halvstore steinar. Murkruna har truleg lege horisontalt før den rasa ut, stein- mengda tyder på det. L. ca 37 m, br. 2,5-8 m, h. 1-3 m.Ein smal NV-SA gåande benk fører opp til øvre platå.II. Tverrmuren mellom øvre og nedre platå er orientert N-S. Den er mykje utrasa, bygd av nokså små steinar. I N ender den ved ein liten bergknatt. L. ca 25 m, br. 2-3 m, h. 0,5 m.III. Frå S-kant av tverrmuren langs S-sida av øvre platå går ein mur, orientert VNV-ASA. Den er mykje utrasa og på sine stader vanskeleg å fylgja. Bygd av større og mindre steinar. Utrasa stein ligg ved forten av borgfjellet. Den har vore mykje høgare i enkelte skar, men er der svært utrasa. Det ser ut til at murkruna har lege horisontalt. L. ca 60 m, br. 2-4 m, h. 0,5 m. IV. Ved V-ende av muren ser det ut til å vera ein oppgang, den går i naturleg stigning NV-SA langs fjellfoten opp til øvre platå. I framre kant er den stengt av ein tverrmur, orientert NA-SV. Den går frå fjellfoten ca 7 m mot SV, bryt av mot S ca 10 m. Den er mykje utrasa. Fyrste del ligg direkte på bakken, mens resten ligg på ein 1-1,5 m h. bergskrent. Br. 1-3 m, h. 0,3-0,5 m.På øvre platå er eit myrlendt søkk.