Steinseng, Ringmuren eller Berget

I fylgje tidlegare registreringar skal det vere ein halvsirkel med mur nedanfor hovudmuren (den indre/øvste muren) i nord. I samband med registreringa vi gjorde i 2008, fann vi derimot at denne muren ikkje er ein halvmur men ein mur som kan fylgjast rundt heile hovudmuren. I partia der berget er bratt ned, opphøyrar muren, på same måte som for den indre muren. Arealet innanfor ytre mur er ca 76 500m2 (76,5 dekar), omkrets: ca 1,1km. Arealet innenfor indre mur er ca 19 000m2 (19 dekar), omkrets: ca 550m. Vidare registrerte vi, på same måte som det tidlegare er skildra, at den nordlege delen av den indre muren er dobbel. Det doble partiet er ca 100 meter langt og ikkje 200 meter slik Bækkelund skildrar den. Det er omlag 1-2 meter avstand i mellom dei to murane. I partiet mellom den indre muren og den ytre muren i sør, er det eit oppkome. Ein dam i dette området er òg nemnt i eit brev frå Bækkelund, datert 15.20.1951 til Ringsaker historielag. Men den gong var han ikkje kjend med at dammen ligg innanfor borga. Folk som har heldt til her oppe har difor hatt rikeleg tilgong på vatn innanfor borga. Terrenget i dette området der oppkomet ligg er til dels flatt. I den søraustlege delen av yttermuren kan det sjå ut til at det er ei opning i muren. I denne opninga og vidare nedover er det ein synleg sti som svingar ned mot Mjøsa. I dette området ligg det ei steinur i skråninga. Breidda på murane varierer i storleik. Enkelte stader er murane fem-seks meter breie, andre stadar berre 3 meter breie. Stort sett er steinpakninga til muren synleg langs heile, andre stader er murane overgrodd med torv. Fleire stader, særskilt i brattare terreng, har steinar rasa ut frå muren. Både den indre og den ytre muren er delvis skada i samband med skogshogst. Fleire stader er det synlege spor etter traktor/skogshogstmaskin som har bana seg veg gjennom muren. I den nordvestlege delen av den ytre muren, var det eit godt synleg område av muren som er rekonstruert/bygd opp. Området der muren er rekonstruert er ca 10 m. Sannsynlegvis vart rekonstruksjonen utført ein gong på 1990-talet. Dette kan Per Oscar Nybruket, arkeolog ved Kulturhistorisk museum stadfeste. Det var Anders Hagen som saman med dåverande fylkesarkeolog Sjur Harby og historielaget, utførte ei lita utgraving og restaurering på 1990-talet. Det finst ingen rapport etter denne undersøkinga og restaureringa.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/39497
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=50842&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Innlandet fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2009
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (10.900W, 60.867S, 10.907E, 60.869N); Ringsaker