Håøy veten (varden på Håøya i Alver) nemnd i Sverressagaen som ein vetestad på 1100-talet. Veten er tradisjonelt plassert på høgste punkt på Håøyna, her er ingenting att av førhistorisk aktivitet. Området har vore militært og det er i dag spor etter ulike faser frå militær verksermd. Vetestaden er del av eit større system som har varsla langs leia. Håøyna ligg i indre farlei og varslar lokalt nordover. I kjeldene stod den i kontakt med Storevarden på Askøy og Lyderhorn sjølv om sikta til desse er noko avgrensa.