Denne ridevegen var vegen frå gardane Loka, Åmdalen, Håland og Røyseland til handelsmannen på Berkjeland (Birkeland) og til kyrkja på Hægebostad, fram til 1875.
Den austlegaste delen av ridevegen (som går frå Lokånè opp Dyddekleivè) blei omlagd som kjerreveg i 1875, opprusta til traktorveg i 1991, sjå ID 242049-0. Ridevegen går vidare over det høgaste av heia og nedover framom gravhaugane og blei merka som turløype i 2004.
Den vestlegaste delen av ridevegen (Berkjelandskleivè) blei omlagd som kjerreveg i 1875. Alt det som blei gjort i 1875, blei gjort privat for å framskunda det offentlege veganlegget av Naglestadvegen. Men alt det som blei gjort i 1875, fekk berre tre års verdi, bortsett frå at mange gjekk vegen som ein snarveg fram til 1940-åra. For det stod strid om linevalet for Naglestadvegen. I 1878 blei Naglestadvegen ferdig bygd etter ei heilt anna line nedover om Bjærum.