Hordvikveten er skildra som vetestad i fleire kjelder. Veten ligg på fjellet rett sør for Hordvik. Høgste punktet er vel 486 moh. her står i dag ein vel 1,5 meter steinvarde og rett nord for denne eit geometrisk fastpunkt. I dag er det ingen spor etter sjølve vetebålet på toppen. Vetebålet har vore synleg i alle himmelretningar, men plasseringa av vetetufta, rett aust for toppen ein 10 meter nedanfor gjer at Hordvikveten truleg ikkje har vore del av kystvetesystemet, men del av varslingsrekka i indre seglingslei. I 2020 gjorde Vestland fylkeskommune ei arkeologisk registrering av tufta etter vaktbua. Denne fekk datering frå mellomalder og fram til 1800 talet.
Sjølve vetstaden er det ingen spor att av, den er dermed lagt inn som fjerna medan vetetufta og nærområdet til denne ligg som automatisk freda.