På heietoppen ligg det ei stor, avlang flyttblokk som er 3 m lang, 1,5 m brei og 1,6 m høg. Oppå flyttblokka er det lødd ein sylinderforma landmålingsvarde som er 1,4 m i diameter og 1,6 m i høgd slik at flyttblokk og varde til saman har ei høgd på 3,2 m. Til saman ser dei ut som ein hatt på avstand. Landmålingsvarden blei lødd opp midt på 1800-talet. I eldre tid skal her ha stått ein vete. Her blei brent bål natt til nyttår 2000. Like aust for flyttblokka med varden på, står det eit bardunsignal over eit trigonometrisk punkt. Gjestebok i boks. Utsyn mot Sjåvassknuten i Åseral, Snøfjedd i Åseral, Stemhei i Hornnes, Årdalsnapen i Bygland (vete), Bertesnapen i Evje, Himmelsyna i Evje/Mykland, Visåsheia ved Ropstadknuten i Hægeland (vete), Skråstadveden i Oddernes (vete), Hesteheia i Greipstad (vete?), Skogeknuden i Konsmo/Laudal (vete?), Djubedalsheia i Holum, Drøpta i Sør-Audnedal, Tjennskarknuden på Gausdalsviå i Hægebostad (vete), Stakksteinsliknuten i Hægebostad, Voreknuden i Lund (vete), Lauvasskjosen i Hægebostad, Blåbergan i Eiken, Voreknuten i Eiken, Hekkfjedd i Eiken og Tindefjeddet i Åseral, dessutan sjøen på tre stader.