Rideveg Roland - Kaddan

Rideveg, i bruk til 1930-åra. Vegen fylgde truleg den tidlegare gardsvegen frå sjølve Roland opp til gardsbruket Kaddansmyra under Roland. Vegen er ein tydeleg sledeveg frå Kaddansmyra inn til ei bru. Vidare visest han av og til som ein hôlveg eller som eit djupt trakk, men han har grodd mykje att. Kaddanskleiva er oppstigninga til Kaddansheia. På Kaddansheia ligg det mange rare steinar på snaue berg (varde, varde, bedarbås, steinar ved steinblokk, to fylde likkviler, ei opa likkvile, ei opa rund likkvile og ei fyld rektangulær likkvile). Vegen vidare fylgjer strengen nordover mellom Apåsland og Kaddan til over Tvørrbekken, deretter svingar vegen mot nordaust langs Mjunelia og blir etter kvart traktorveg i retning av Kaddan..

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/104573
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1421541&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.622W, 58.445S, 7.624E, 58.456N); Lindesnes