Tveite - Fetts fk. 1, Tuftene

Lokaliteten inneheld ei hustuft og tretten røyser. Hustufta ligg i ei nordvend, tørrlendt skråning mellom to låge bergrygger. Murane syner seg som utrasa stein i 2 - 3 m breidd og dei tykkjest vera lett krumma.I vestre halvdel av tufta ligg tre murar etter ei lita bu av nyare dato. Det finst ingen spor etter inngang. Søre kortveggen vantar og knapt halvparten av den austre langveggen er fjerna. Innvendig kan tufta ha vore 17 m lang og 3,5 m brei. På bergrygger og knausar nord og aust for tufta ligg ei rekkje gravrøyser. Nærast ligg restar av tre små rundrøyser med utkasta og omrota rektangulære kister av steinheller i midten. I nord og nordvest ligg to låge bergrygger med restar av to langrøyser der det ligg heller og steinar etter kister av same rektangulære typen.70 m SSO for tufta og skild frå denne av ein bergrygg, ligg ei tydeleg rundrøys bygd på fjell. Ho er 10 m i tverrmål med eit lite krater i toppen. Rundt om ligg sju smårøyser. Desse liknar i utgangspunktet på rydningsrøyser, men då dei ligg oppetter ei slak bergskråning kan ein ikkje sjå bort frå at dei kan vera gravrøyser. I den eine er det dessutan restar etter eit hellerom.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/45559
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3372269&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2026
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (4.963W, 60.265S, 4.966E, 60.266N); Øygarden