Kvinesdalsvegen som rideveg

Den vestre lina går over snaue berg og langs ein rinde med snautt berg og er derfor lettgådd og ennå i bruk for firehjulsmotorsykkel. Den austre lina er ein holveg som blir borte når ein kjem nordover til lia vestafor midten av Tengstjødna, men dei kan jo ha trandla myrane vidare nordover. Same kva for ei line som blei brukt som veg til Fjotland, gjekk han or allmenn bruk i 1871 då det kom køyreveg i dalbotnen i staden.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/133067
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=114429&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.956W, 58.407S, 6.958E, 58.413N); Kvinesdal