Sunde - Fetts NB, Slottet

Toppen av kollen er gjennomskoren av ei 24 m lang og opp til 4 m brei kløft, orientert NO-SV, som er fleire meter djup. I kløfta veks lauvtre, eine, blåbærlyng og mose. På S-sida av kløfta skrår berget mot O og her finst ei 8 m lang, 2 m brei og opp til 2 m djup forsenking. Frå O-enden går bergflata ca. 3 m vidare før det stuper bratt ned i Lukksundet. Her finst ikkje spor etter murar, men berget dannar ein boga voll mot S, VSV og O som skrår ned mot søkket. Forsenkinga er overvaksen av blåbærlyng og mose og her veks nokre bjørketre. Også N for kløfta er ei lita forsenking i berget som måler kring 2 x 1,5 m. Her finst heller ikkje spor etter oppmuring. Men sidan det frå toppen av kollen har vore mogleg å halda kontroll over leia i N, O og S, er det ikkje utenkjeleg at plassen kan ha fungert som bygdeborg. Det har dessutan vore mogleg å søkja tilflukt nede i kløfta. Det blei tatt eit prøvestikk nede i kløfta. Stikket som var 32 cm djupt, inneheldt eit brunoransje jordlag med litt stein. I samband med registreringa i 1982 vart her funne brende bein og skjørbrend stein i liknande stikk.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/25630
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=57022&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.702W, 60.054S, 5.702E, 60.054N); Tysnes