Setesdalsvegen som rideveg, alternativ omveg av Fjellmannsvegen

Ridevegen er tydeleg på stuttare strekningar i heile dalen, men på ein smal morenerygg sør for Støylsemne er han særs tydeleg. Når dei vegfarande ikkje kunne ro eller bli rodde over Flåren, tok dei vegfarande opp frå Setesdal ved Oppstad, gjekk gjennom Hylesdalen (denne stølsdalen) og gjekk ned att i Setesdal ved Berg og Åmli. Ridevegen var i allmenn bruk som ein alternativ omveg av Fjellmannsvegen, fram til 1846. Fyrst då blei den fyrste køyrevegen langsmed Setesdal bygd. Men denne alternative omvegen av Fjellmannsvegen blei brukt lokalt til stølane og til drifteheia vidare fram til slutten av 1900-talet.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/226311
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=155042&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.482W, 59.169S, 7.491E, 59.186N); Valle