Steinblokk som er brei nede og spiss oppe, og som dermed liknar ei kjerring med skjørt. Det ligg ein liten varde på toppen av steinblokka. Ho ligg ved det høgaste punktet på vintervegen Eiesland i Fjotland – Hisåsen – Lunde på Haddeland i Eiken. Under austre kanten av steinblokka hadde presten liggjande ei brennevinsflaske. Når han gjekk på ski mellom Fjotland kyrkje, Eiken kyrkje og Hægebostad kyrkje, stoppa han her og sa: «Nu vil jeg se om brennevinskjerringen kan skjenke», og så drakk han av flaska. Dette var i tida før prestegjeldet blei delt i 1841. Litt.: T. N. Hageland: «Vegane i Hægebostad kommune», s. 32. Og bygdeboka for Eiken, band 4, side 17. Opplyst av T. N. Hageland.