Årdalsnapen

Her stod det som på gamalnorsk heitte "ein viti" og som på dialekt heitte "ein vite" (ein vete), jf. at Vitetjønn ligg nesten på toppen. I 1888 mura NGO (Statens kartverk) opp ein landmålingsvarde her, men den blei riven ned i 1920-åra og erstatta med eit 4 m høgt fotsignal av tre. Landmålingsvarden blei mura opp att innan 1937 under leiing av ingeniør Abusdal. Ungdomar frå Danskeleiren reiv han ned i 1960-åra. Landmålingsvarden stod delvis over steinblokka der det nå er festa ei turbokkasse. Elles står det ennå ei låg støypt søyle som var fundament for eit instrument for astronomiske målingar i 1937.

Veterekka kan ha vore Møvigveden - Skråstadveden - Visåsheia ved Ropstadknuten - Vorehei i Hornnes - Årdalsnapen - Nånesviten osv. opp til Bykle. Frå Årdalsnapen er det utsyn mot Trongedalsfjell i Gjøvdal/Tovdal, Lindeknuten i Tovdal, Hovdefjell i Åmli/Vegårshei, Jåmåsnutane i Froland, Himmelsyna i Evje/Mykland, Risdalsheia i Birkenes, Heimdalsknuten i Vegusdal, Bertesnapen i Evje, Skråstadveden (vete) i Oddernes, Visåsheia (vete) ved Ropstadknuten i Hægeland, Vorehei (vete) i Hornnes, Hesteheia (vete?) i Greipstad, Blomliknuten (vete?) i Hægebostad, Kaldåskniba i Lyngdal/Herad, Tjennskarknuten på Gausdalsviå (vete?) i Hægebostad, Stakksteinsliknuten i Hægebostad, Lauvasskjosen i Hægebostad, Hekkfjedd i Eiken, Tindefjeddet i Åseral, Sjåvassknuten i Åseral, Oddevassheiè i Eiken, Skorè i Åseral, Hilleknuden i Øvre Sirdal, Skrivarknuten i Åseral, Prestvorheiè i Åseral, Rusfjødd i Bygland, Nånesviten (vete) i Bygland, Svorvarnuten i Valle og Hovassfjøddet i Bygland.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/225680
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=153835&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2017
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.841W, 58.674S, 7.841E, 58.674N); Bygland