Bekktind

Sommaren 2024 gjennomførte Erling Bjørheim ei synfaring for å sjå etter moglege fangstgraver ved Grotbekken i fjellet sør for Ossjøen. Dei moglege objekta var plukka ut ved hjelp av tilgjengelege Lidar-data.

Over skogsbeltet, og opp mot snaufjellet vart det då funne til saman 13 fangstgraver, alle står fram som steinsette graver, sjølv om berre ei vart funnen med synlege steinar. Dei er ikkje klassiske steinmura graver, men liknar på groper funne ved Låglitunga og Lågliberget.

I skogsterrenget nedanfor vart det i tillegg funne 4 ovale groper utan kol. Under synfaringa vart desse og tolka til å vear fangstgraver, men utan steinsetting. Noko lenger ned i lia låg 5 groper til, ,en desse inneheldt kol, og var mykje rundare i forma.

Dei registrerte dyregravene i snaufjellet vart påvist i vestre kant av Bekktind, drygt 1100 moh.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/334638
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3230060&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Buskerud fylkeskommune (33)
Publisher Askeladden
Publication Year 2025
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (8.208W, 60.361S, 8.209E, 60.362N); Hol