Engesland - Vegusdal over Krosseheia

Rideveg eller gangsti, brukt som kyrkjeveg frå Engesland til den gamle kyrkja på Vegusdal som stod fram til 1867. Vegen fører frå Engesland over til Kloppekilen (der det tidlegare låg bru nærare vatnet), så fører vegen opp Brubergane opp til Bruhella (ein endestav for fire gardar), og noko inne på flatheia ligg det eit "kunstverk" av små steinar. På brinken av flatheia, like før nedforbakkane, stod det tidlegare reist ein kross av tre som ein kunne sjå lang lei og sikte seg inn etter når ein gjekk hin vegen, frå nord mot sør, derfor namnet Krossheia. Vegen fører bratt ned Brudefallet (der ei brud skal ha dotte) ned til Vrålsdalen og vidare til Vegusdal gard. I 1867 blei det bygd ny kyrkje, men på Engesland, og den gamle kyrkja på Vegusdal blei riven året etter. I 1869 blei køyrevegen mellom Engesland og Vegusdal ferdig, om Tvørevatnet og Vrengetjønn; derfor slutta folk med å gå over Krossheia etter 1869.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/294833
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2742115&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (8.114W, 58.534S, 8.149E, 58.576N); Birkenes