Setesdalsvegen som rideveg (Fjellmannsvegen), Skyllingsheia nord

Frå Krossmyr (i bytet Einstabland / Eikeland) går vegen over myr, deretter oppbygd med ei lita borg, deretter over berg med ei vegvisarrøys (gravrøys?) på venstre (vestre) side, deretter over ei stikkrenne, deretter over berg, deretter over nordaustre utlaup av Orreleiksmyr der vegen er oppbygd med brukar, deretter svingar vegen seg som ein hôlveg rundt ein bakke, deretter går vegen tvers over ei myr, deretter visest vegen som ein hôlveg ned til Skrapslåtta. Langs vestsida er noko som anten er hôlveg eller landgrøft for dyrkinga av Skrapslåtta. I bruk som Fjellmannsveg til 1832, i lokal bruk til 1925 og noko til rundt 1950. Merka som turløype i 1990. Langs bekken nord for Skrapslåtta er der også hôlveg.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/178945
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=138745&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.757W, 58.359S, 7.759E, 58.366N); Vennesla