Feltet består av ca 10 rydningsrøyser og 2 åkerreiner. Rydningsrøysene er spredt over heile feltet. Dei er noko uregel- messige i forma, men oftast tilnærma runde. Vekslande markert og mindre godt synlege. Delvis graskledde med en del synleg stein. Nokre liggdelvis på eller omkring større steinar. D. 3-5 m, h. 0,25-0,5 m. Åkerreinene ligg begge på tvert av bakkehellinga. Den eine ligg lengst V i feltet. Orientert N-S, men med ein bue mot V. Klart markert, men mindre godt synleg. Graskledd, nokre synlege steinar. L. ca 25 m, h. ca 0,7-1 m. Den andre åkerreina ligg ca 18 m Ø for den fyrste. OrientertN-S. Klart markert, men lite synleg. Graskledd med få synlege steinar. L. ca 30 m, h. ca 0,5 m. 3-4 rydningsrøyser og S-halvdel av Ø-åkerrein ligg på 22/1, resten på 22/2.