Historisk vetestad

Historisk vetestad. Det er ingen synlege spor att av vetestaden no. Det er presten og historikaren Olaf Olafsen, som kring år 1920 laga ei oversikt over vetestadane på Sør- og Vestlandet. Her er Veten på Stadlandet inkludert. Det er lite synlege kulturminnespor att etter slike vetestadar i dag, både med tanke på vetefundament og vetebål. Dette er også tilfelle på Kjerringa, men som ein historisk vetestad, og den nordlegaste i varslingssystemet i Vestland, har den høg kulturminneverdi.

Varsling av ufred ved å brenne bål (vete) på fjelltoppane er eit signalsystem som vart nytta frå Håkon den godes tid (konge ca 940-960) til fyrst på 1800-talet. Snorre fortel at kong Håkon organiserte landet i skipreider, og at kvar skipreide skulle skaffa skip og mannskap til å verja landet i ufredstider. Til å varsla ufred vart det på høvelege stader sett opp vardar eller vetar som vart kveikte og på den måten "sende" lyssignal til neste varde i signalsystemet. Gulatingslova har også påbod om at det ved vetane skulle byggjast vakthus med tak og 4 dører. I Sogn og Fjordane vart dei gjerne kallavetastover.Varslingssystemet med vetar vart siste gongen nytta i ufredsåra 1807-1814. Mange stadnamn minner om det gamle varslingsystemet.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/333804
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3211526&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2025
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.126W, 62.186S, 5.128E, 62.188N); Stad