Nordmannsvegen, Kviheia nordvest

Hôlveg, i bruk til 1836 som offentleg rideveg. Over Storemyr er det spart igjen ein brei grøfteteig for Nordmannsvegen. På Manneråsen ligg Nordmannshòla, der nordmenn overnatta. Ein nordmann var ein som kom frå vest (ein vestlending), då ordet nord blei brukt om ei retning som til dels bøyer av mot vest. Strekninga blei merka opp som turløype i 1995 og på nytt i 2013. Strekninga var ein del av ein lengere byveg Kristiansand-Stallemo-Greibesland-Spikkeland-Øvland-her-Djubesland-Finsland-Bjelland-Byremo-Vårdal-Kvåle-Skeie-Eikjen-Haddeland-Eiåsland-Vordalen-Fjotland osv. Det er påfallande med namna Kviheia, Reinsåsen, Reinstjønn, Store Dyråstjønn og Lille Dyråstjønn. Ola Olsson Songesand (den såkalla "Pilt-Ola") dreiv ei reindrift frå Kristiansand om Eiken til Sirdalsheiane i 1818 og eit par gonger seinare, etter alt å døme forbi her..

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/104610
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=91447&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.645W, 58.295S, 7.650E, 58.296N); Kristiansand