Futevegen (Allmannavegen), Nes - Vegusdal

Offentleg rideveg, inndelt i roter. Han blei opprusta til sledeveg i 1840-åra med køyrevegbruer og med noko planering i skrått lende. Vegen var viktig både for futen, som budde på Nes, og for presten i dei åra då Vegusdal låg under Herefoss prestegjeld. I tillegg til vedlikehaldsplikta hadde folk plikt til å skysse presten. Strekninga omkring der jernbanen seinare kom, blei omlagd på slutten av 1800-talet, altså lenge før jernbanen blei bygd. Strekninga Nes - Furholt var offentleg veg med hestebrøyting heilt fram til 1960 då både ferja Herefoss - Nes og vegen Nes - Furholt blei nedlagd. Strekninga frå Nes inn til kraftlina blei grusa opp att av energiverket ca. 2014. Over Surtekjerrane var der ein alternativ vinterveg over sjølve myra der ein ennå kan finne trandlar, men om sommaren køyrde dei på sørsida av myra slik som geometrien viser og ikkje heilt slik som han også er blitt oppgrusa.

Når det så gjeld den neste strekninga Furholt - Vegusdal, så var den også offentleg rideveg med hestebrøyting, men berre fram til 1938 og med offisiell nedlegging i 1940. Strekninga Furholt - Vegusdal blei restaurert og bruene oppattbygde i 2002.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/221793
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2801418&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (8.144W, 58.574S, 8.154E, 58.577N); Birkenes