På nordsida av bekken ligg det eit flatt berg, 5 m breitt. Frå dette berget er det lagt heller 10 m langt og 4 m breitt. Etter vestkanten av hellelaget ligg det ei rekke større steinar eit par meter framover. Frå det flate berget er det om lag 8 m over til ein 12 m lang holme. Denne holmen er ei naturleg oppsamling av større og mindre steinar i ei høgd av 80 cm. Mellom berget og holmen ligg det ei steinbru på slette fjellet med grunt vatn. Frå holmen over til sørsida er det aurbotn og djupare. Når ein nærmar seg sørsida av vadet, er det lagt heller.
Men i nyare tid brukte ein å vade lenger vest. Ein gjekk ut frå det same berget på nordsida, og meir på skrå i vestkanten av holmen, og så kom ein over til sørsida om lag 20 m lenger vest. Dette nyare vadet er hellelagt og heilt tørt når her er lågt vatn.