I fylje skriftlege kjelder skal Hovdeåsen tidligare ha blitt bruk som vetestad. Veten var eit stort bål av tømmer som som eit ledd i ei varslingskjede. Ein skulle kveikje veten dersom ein såg at vetane lenger sør/vest brann, og leidangen skulle då mobiliserast for vern om landet.
Veten på Hovdeåsen skulle sikre at signalet frå sørvest gjekk vidare innover Storfjorden og Hjørundfjorden. Ein veit ikkje sikkert kor lenge staden har vore nytta som varslingsstasjon, men truleg går det tilbake til mellomalderen. På Hovdeåsen finst også tufta etter vaktsstova. Denne ligg litt vest for toppen. Vaktstova var ei 3x3 meter stor stove, med gluggar i alle retningar. Her skulle dei som sat på vakt halde til. Spesielt i ufredstid var det viktig at veten var bemanna. Vi veit ikkje sikkert kvar sjølve veten stod, men truleg stod den på det høgste punktet på fjellet der den var best synleg.