Grendi - Høgeli

Dette er ei eldgamal ferdselåre. I kleiva opp frå Høgeli ligg det ei likkvile, ein bedarbås og nokre små oppmura rom. På det høgaste på denne heieovergangen ligg det fleire brudled. Familien som budde i Høgeli gjekk denne vegen til fots vestover til Grendè, tok dampbåten (i dei siste åra rutebilen) ut til Byglandsfjord og så Setesdalsbanen ut til Kristiansand når dei var på bytur. Etter at det blei opna krambu (butikk) i Grendè, gjorde folk frå Skjeggedal, og særleg Høgeli, handelen sin der. Dei gjekk denne vegen heilt fram til rundt 1960, for det kom aldri køyreveg opp til Høgeli før enn i 1960-åra. Evje og Hornnes sogelag gjekk han opp i 1998, og då var han ennå delvis synleg. Kartfestinga er i samsvar med gamalt kart.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/244412
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1190427&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.960W, 58.749S, 8.076E, 58.755N); Åmli