Handelsveg som var brukt av dei som budde i Botnen (Brotteli, Dysje, Bratteland, Skolås og Skardberg) i Bykle sokn når dei skulle over til Føre (Førre) ved Jøsenfjorden i Hjelmeland. Føre var ikkje nokon handelsstad, men eit kontaktpunkt med sjøen der dei kunne ro vidare ut til Stavanger. Handelsvegen blei brukt fram til 1920-åra. Dei kunne ikkje føre hest og kløv på grunn av urene opp frå Brotteli, men måtte bere vara sjølve. Turen frå Brotteli til Føre var ei dagsreise. Turen tilbake til Brotteli måtte helst delast i to med overnatting under ein heller, dels på grunn av oppstigninga, og dels på grunn av beringa. Kartfestinga frå Brotteli gjennom Urene til Gyvatn er unøyaktig kartfest.