Feltet måler om lag 135 x 80 m, orientert NO-SV. 1)Gravrøysa Fetts fk.nr 3/1 ligg tett i steingarden mot gnr 142/17, om lag 16 m S for den NV- SO gåande steingarden som markerer skiljet mellom gnr 148/1 og felleseige. Røysa er om lag 11 m i tverrmål og 1.5 m høg, målt i S. Ho er graskledd og noko tilgrodd med einer. Røysa er klårt markert og syner godt i lendet. Røysa er restaurert etter ei undersøking og det vart då reist ein bautastein på henne. 2)Om lag 24 m NNV for nr 1 ligg den oppbygde terrassen Fetts fk.nr. 1, utan synlege merker etter tufter. Terrassen ligg på felleseige, like N for den NV-So gåande steingarden. Han måler 26x6m, ytre mål, orientert O-V. 3)Om lag 9m SV for nr 1 ligg den mogelege kvea, Fetts fk.nr. 4. Tverrmålet er i kring 5 m. Ei stor jordfast blokk ligg i NV og ut frå denne er det lagt mindre blokker i tilnærma sirkel. 4)5m SV for nr 3 ligg ein rektangulær terrasse, Fetts fk. nr. 2/2, med ytre mål 7x5m, orientert O-V. terrassen dannar ei mogleg hustomt. 5)5m V for nr 4 og i flukt med denne, ligg ein terrasse, Fetts fk.nr 2/1, utan synlege merke etter steinmurar. Måla er 17x6m, orientert O-V. Nokre blokker ligg tett nedanfor søre langside. 6)22 m SSV for sv- hjørnet av nr 5 ligg ei gravrøys, Fetts fk.nr 3/2, om lag 7x5m vid, orientert O-V. Høgda er er knapt 0.5 m. Røysa ligg på berg og er truleg noko utrasa mot S. 7)Om lag 4 m VNV for 6 ligg ei hustuft, Fetts fk.nr 2/3, om lag 14x5m, orientert O-V. Det er få restar etter murar, men nokre blokker ligg i austre delen. 8) Om lag 6 m S for nr 6 ligg ei hustuft, Fetts fk.nr 2/4, 20x6m, orientert O-V. Restar etter veggane markerer seg som låge, graskledde vollar av stein og jord. Tufta tykkjest ha 2 rom. 9)3 m S for SV-hjørne av 8 finn vi Fetts fk.nr 3/5, som er det austre av to hus som er bygd saman i vinkel med eit 6x4 m stort rom i mellom. Austre hustuft er relativt klårt markert og måler 13x6m, orientert O-V. Vestre tuft er orientert N-S og måler 11x6 m. Den vestre tufta ligg dels N for den austre. Merke etter veggane teiknar seg som grasdekte jordvollar med stein. 10)Frå SA-hjørne av nr 9 er det 9m rett S til ei rektangulær tuft, 6x4 m stor, orientert N-S. 11)1m O for NA hjørne av nr 10 ligg ein oppmura platting, om lag 7x7 m vid. S for nr 10 og 11, på sørsida av vegen, syner merke etter gamal dyrking, m.a. har ein konstatert åkerreine.