Sjoangjo - Fetts fk. 2, Tjobergshaugen

Frå Per Fett, 1965: Haugen er halvhundre meter høg, ved foten om lag 250 x 75 m NNV-SSO og toppen er ca. 175 m.o.h. Vestsida er loddbein 5-10 m opp frå foten. Austsida er heilt loddbein. Sørenden er loddbein øvst i SO, i SV er eit bratt sva og midt i er eit 2 m breitt skard. Her der det råd å kome opp, så her er stengt med ein 12 m lang mur VNV-OSO. Frå NV er borga greitt tilgjengeleg opp ein bratt bakke, som litt over midtvegs er stengd av ein mur NNV-SSO med 2 m brei opning. S for opninga er muren 18 m lang. N for er han 7 m lang og svingar så mot O, i alt 20 m frå opninga. Passasjen innover er langs ein låg hamar i S, ein 2,5 m lang stein i N. Frå murhjørnet i NV til enden på borga i SO er det 130 m. Eit øvste platå er ca. 50 x 40 m N-S. Frå Aksdal, 2004: Murverket er bygd av lokalt funne stein og er ikkje tilhogd i det heile, konstruksjonen er såleis noko laus tørrmuring. Breidda på murverket varierer, men er på det tjukkaste over 1 m (i NV). Muren føl berget, som fleire stader har steile sider, og muren får slik ei god høgd. Murane er i dag delvis inntakt, men stadvis er det svært mykje som er utrasa eller utkasta, særleg i V og S. I S kan ein sjå at muren er bygd om, eller ¿restaurert¿ i nyare tid.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6386
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=33979&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.772W, 59.760S, 5.774E, 59.761N); Kvinnherad