Berget går bratt opp på alle sider, unntatt på nokre kortare parti i VSV, og SV, desse stadane er befesta med murar. Adkomsten må ha vore fra VSV og her ligg hovedmuren. Den er orientert VSV-ANA og stengjer eit lite skard. Godt synlig men mykje utrasa, bygd av tildels store steiner, midt i muren ser det ut til å ha vore ein opning. L. 10 m, br.ca 1 m, h. opptil 1 m.På kanten av ein 1-3 m h. skrent ca 15 m S for hovedmuren ligg ein annan mur, orientert NV-SA. Den er godt synlig og er noko utrasa. Bygd av forholdsvis små steiner. L. 9 m, br. ca 1 m, h. 0,5 m.På ein ca 2 m h. skrent i N kant av borgfjellet ligg ein tredje mur, orientert VNV-ASA. Den består av forholdsvis små steiner i berre eit lag. L. 6 m, br. ca 1 m, h. 0,5 m.Fjellet danner fleire små basseng som samler regnvatn. Det største av disse ligg litt SA for midten av platået ca 9 m SSV for varden, det er 10 x 7 m i utstrekning.