Rideveg Roland-Apåsland

Rideveg, i bruk til 1930-åra. Frå Roland bru og nordover fylgjer ridevegen vekselvis austsida, vestsida og austsida av eit steingjerde. På toppen av kleiva ligg det to vardar austafor vegen. Vidare ligg det tre knyllingar bortetter vegen. Ei strekning på flatheia (Apåslandsheia) er hôlveg. Der vegen kryssar kommunegrensa, står det ein høg oppreist stein, Langesteinen. Vidare nordover ligg vegen attgrodd, men han fylgjer nok hogsteskogbytet mellom gnr. 31 bnr. 2 og 3 over Mannevikheia, og han fylgjer nok hogsteskogbytet mellom gnr. 31 bnr. 1 og 2 over Rolandsåsen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/104565
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=91256&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.601W, 58.441S, 7.614E, 58.468N); Lindesnes