Mykkeltveitveten

Vetestaden har i dag form som ein stor mura varde, den er over meteren vid, ikkje heilt firkanta, men over to meter høg. Fundamentet i nordre del er bygd opp av store blokker. Oppe på vetestaden er det og restar etter to tufter. Desse låg kant i kant med kvarandre ein 10 meter nordaust for varden. Tuft 1 ligg på fjellgrunn, synleg som ein ringmur av stein, vel 0,5 meter brei, bygd av naturstein utan noko slag tilverking. I sør er det ei opning etter det første omfaret. Tuft 2 ligg rett vest for denne, knappe meteren i frå, denne ligg litt lågare i terrenget og er og bygd av store blokker. I skriftlege kjelder er det vist til at vossingane på 1700 talet måtte bygge ny vetestove då den gamle var så dårleg. Det er då grunn til å tru at det som står fram som nyaste tufta (tuft 1) - på vel 3,5 x 2,5 ytre mål er den frå 1700 talet, den eldste som ligg rett vest for denne er i dag mykje overgrodd av torv, men synleg som ein steinring på vel 2 x 3 meter, her var då deler av steinblokk brukt til konstruksjonen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/340774
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3376790&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2026
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.101W, 60.606S, 6.101E, 60.606N); Voss