Lidveten, varslingsvete

I fylje stadnamnet samt skriftlege kjelder skal Lidveten tidligare ha blitt bruk som vetestad. Veten var eit stort bål konstruert av tømmerstokkar satt opp som ei pyramide, og var eit ledd i ei større varslingskjede. Ein skulle kveikje veten dersom ein såg at vetane lenger sør/vest brann, og leidangen skulle då mobiliserast for vern om landet. Lidveten er nemnt av presten Hans Strøm på 1700-talet, og beskriv den som ei pyramide av tømmerstokkar.

Lidveten skulle sikre at signalet frå vest gjekk vidare innover Storfjorden. Ein veit ikkje sikkert kor lenge staden har vore nytta som varslingsstasjon, men truleg går det tilbake til mellomalderen. Det skal også ha vore vakthytter for på vetefjella, og spesielt i ufredstid var det viktig at veten var bemanna. Vi veit ikkje sikkert kvar sjølve veten stod, men truleg stod den på det høgste punktet på fjellet der den var best synleg.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/226895
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1310103&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2017
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.764W, 62.485S, 6.771E, 62.487N); Ålesund