Offentleg rideveg, inndelt i roter. Han blei opprusta til sledeveg i 1840-åra. Han går fram av rotelistene i arkivet etter Amtmannen i Nedenes, Statsarkivet i Kristiansand. Han var i bruk som offentleg rideveg fram til 1881. Han er ennå i bruk som turløype, mest frå Haugås hyttefelt til Sandtjennrøysa. Han held fram rundt nordenden av Sandtjenn og over neste hei. Kloppene (klappene) over Langslåtta nord for Klappetjenn er borte; i staden går løypa over ei gangbru lenger nord. Han går oppover eit berglendt høgdedrag og forbi Kvilesteinen med ridestein. Deretter går han utfor andre sida av høgdedraget der han er kraftig oppmura; der heiter det Stien. Han går om sørenden av Haugåsdalstjenn der han ligg stykkevis øydelagd av traktorveg før han kjem ned til Kvennetjenn. Han ligg øydelagd av skogsbilveg vidare, bortsett frå i oppforkleiva før Håland og i nedforkleiva etter Håland der han ligg bevart parallelt med skogsbilvegen. Håland var skyss-stasjon fram til 1881 med skyss-plikt austover til Messel og vestover til Herefoss. Frå nordenden av innmarka på Tveiten held han fram, noko øydelagd av traktorveg, opp til Tveitøydgard der det finst fleire gravrøyser. Sledevegen går over Ongletjennbekken (Tiksletjennbekken) til eit løypekryss som ligg like sør for garden Rønninga. Der er svært blautt i nordre enden av Øydgardsmyra og nedst i Stretedalen, og lenger oppe i Stretedalen er sledevegen øydelagd av traktorveg. Langsmed garden Koveland er det merka ein geitesti som nok kan ha vore ridevegen, men som aldri kan ha vore sledevegen (dei køyrde vel heller over innmarka nede i dalen). Han ligg øydelagd av Holtebuvegen fram til Grimdalen. Han held fram og går nesten nedom Espestølsvatnet før han går i steinhellebru over Nyklingtjennbekken (berre den hella som utgjer den eine sida av brua er bevart). Han ligg øydelagd gjennom innmarka på Espestøl; derfor er turløypa merka som ein omveg lenger aust. Han held fram frå eit steintak nord for Espestøl og går ned i ein dal nordaust for Kjerketjenn. Han går i steinhellebru over Vapsedalsbekken (ei diger helle på rundt 2 x 3 m). Han ligg øydelagd av traktorveg eit lite stykke. Deretter held han fram forbi St. Olavs laks på St. Olavs hei og vidare inn i nabokommunen.