Øvre og Nedre Mannevegen

Øvre Mannevegen gjekk frå Meland over Kvednhusbraunè (over austre faret av Grytånè) og så over Jentesprangjet (over vestre faret av Grytånè) og rundt nordsida av Furåsen og ned til Gryteskog på Nøkland. Nedre Mannevegen gjekk frå Meland over Kvednhusbraunè (over austre faret av Grytånè) og så over Nøklandssprangjet (over vestre faret av Grytånè) og rundt sørsida av Furåsen og ned til Gryteskog på Nøkland. Vidare var det éin felles veg, men han ligg øydelagd av skogsbilveg. Han kan ha vore ein del av den gamle ferdsleåra som gjekk om Rossevatn - Farhommen - Farhomvadet - Mjåland - Røylandsvadet - Røyland - Selandsvadet - Seland - Haughom og med båt vidare frå Haughom over til Viragsstronda der dei heldt fram over heia til Rogaland.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/132772
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=420507&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2010
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.146W, 58.504S, 7.157E, 58.507N); Hægebostad