Kontrollregistrert i august, 2023. Tuft nr. 2 ble gjenfunnet uten problem. Gardfar 1 kunne ikke påvises. Vi fant rester av det vi antar er gardfar 3.
Eldre beskrivelse:
Øvst oppe og lengst mot NNA:
- Gardfar. Orientert A-V. Vekslande markert, lite synleg i lendet. Ein del stein syner stykkjevis. Går frå høgste berget i A til ein liten knatte ved myrsøkk i V. Slyngjer seg innom småberg og større steinar. L. ca. 45 m, br. 0,5-0,75 m, h. unnateke jordfaste steinar opptil 0,5 m. Ca. 9 m N for 1 ligg ei naturdanna steinrekkje i 90 grader vinkel. Orientert NNA-SSV og VNV-ASA.Vekslande markert, lite synleg i len- det. Går frå ASA ca. 4 m mot VNV, derifrå ca. 5 m mot NNA.
Ca. 25 m SSA for 1 på ei hylle under ein ca. 5 m h. bergvegg:
- Hustuft med utbua veggjer. Orientert ANA-VSV. Klårt markert, ligg nokså løynt i lendet. Delvis graskledde veggjer med ein god del synleg stein. Påinnsida av veggjene er det stykkjevis kantreiste steinar, ei stein i V er ca. 1 m h. Nokså flatt golv som for det meste består av fjell. I ANA er ei mosegrodd hellelegging. Golvet heller mot VSV, mest i VSV del. Utgravt v. Jan Petersen 1929. Iflg. innb. har tufta berre eit rom 11,75 x 3-4 m i utstrekning. Murane er uregelmessig buktande, br. 0,5-1,0 m, h. 0,2-0,75 m.Det er ein inngang i begge langveggjene. 2/3 av golvet frå V og austover var fjell, resten var for det meste dekka av helleleggjing. Det stig 0,9 m fra VSV mot ANA. Ingen stolpehol. Brannflak ca. 2,2 x 0,5 m oppå fjellet omlag midt i rommet, men nærare SSA veggjen. Funn s. 5192 a-k med bla. spinnehjul søkkjer, bryne og skår av spannforma leirkar frå folkevandringstida 5-6årh. e Kr., helst 5 årh. (400 åra e. Kr.). L. 13,25 m, br. på midten 5,75 m, br. i endane 4,5 m.
I V kant av A-V gåande stengjefjell ca. 75 m V for 2:
-
Gardfar. Vekslande markert og synleg. Ein del stein syner. Går frå fjellvegg i A mot VNV ca. 11 m til stengjeber, derifrå fjell ca. 9 m mot NVtil ny gjerdestump ca. 13 m mot NV til stengjefjell ca. 6 m mot V, derifrå vekslande mellom gjerde og fjell i ei lengd av ca. 18 m mot ca. NV så gjerde og fjell mot N ca. 12 m til stengjefjell. Samla lengd ca. 70 m.
-
Vanskeleg å avgrensa noko innmark, men mange av dei små avsatsane i S hellinga A og V for tufta (nr. 2) ser ut til å vera brukande åkerland. Ingen klåre åkerreinar.