Lokaliteten måler om lag 55 x 25 m, orientert NO-SV. Innan området kan ein ane konturane av ei hustuft, om lag 40 x 10 m, orientert NO-SV. Her er og parti av ein steinsett veg som fører opp til hustufta og truleg restar etter gravanlegg. Området er mykje tilgrodd og det er difor uråd å få ei heilskapleg forståing av korleis gardsanlegget kan ha vore. Det er og vanskeleg for ikkje å seie umogeleg, å fullgodt skilje ut mogelege eksisterande restar etter gardsanlegget frå dei spor utgravninga i området let etter seg.