Eldgamal rideveg. Frå 1120-åra til 1537 blei han m.a. brukt til førsel av kyrkjeskatten frå valldølane. Kyrkjeskatten blei betalt i form av kuhuder og kalveskinn, og denne blei frakta med hest og kløv etter denne vegen over til Lyse og med robåt vidare ut Lysefjorden til biskopen i Stavanger. Derfor blir vegen kalla Skinnevegjen eller Skinnvegen. Etter 1537 blei kyrkjeskatten førd ut Setesdal til Vassend, og Skinnvegen blei ikkje lenger brukt til dette føremålet, men han blei ennå brukt som handelsveg heilt fram til midten av 1800-talet. Årsakene til at han gjekk or bruk midt på 1800-talet, var at det kom køyreveg opp Setesdal til Valle i 1847, rutebåtar på innlandsfjordane i 1860-åra og stadige forbetringar av køyrevegen. Men delar av Skinnvegen blei teken opp att som turistløype frå 1902 då Lysebu turisthytte blei bygd og frå 1927 då Bossbu turisthytte blei bygd. Mange har leita etter den rette Skinnvegen og kome til ulike resultat, jf. dei ulike turistforeiningsbøkene i kjeldelista. Det som står teikna her, er slik som Johan Riis m.fl. gjekk opp i 1955. Ved Såvadet delte Skinnvegen seg i to alternativ, det eine om området ved Breiålega der han dukkar ned i Svartevassbassenget, det andre om sørsida av Hyttevatnet og Slededalen der han dukkar ned i Svartevassbassenget. Geometrien kan vera nokså unøyaktig, for her er store avstandar og lite å halda seg til. Men Skinnvegen dukkar opp att or Svartevassbassenget i Fidjahòlet i Rogaland fylke og held fram gjennom Kamsdalen og høgt over heia forbi Kamsvatnet og ned om Brudletjødn ned til Augland, Tangjen og Lyse i Rogaland fylke.