Det gjekk ein gamal sledeveg frå Øyna aust- og sørover til Gåseflåfjorden. Derifrå rodde Øyna-folket over til Gåseflå, og så tok dei toget til Kile. Også elevane frå Øyna gjorde det, men helst når det låg meinis på Kilefjorden og der ennå låg ope på Gåseflåfjorden, for elevane frå Øyna gjekk på skule på Kile. I Loneholtet ligg det ein rest av denne sledevegen med oppmurt borg og stabbesteinar med jernbøyler. Frå Loneholtet heldt sledevegen fram over Surtemyr og i bru over ein bekk ned til ei båtstø nokså nær den gamle Øyna sag ved Gåseflåfjorden. Opplyst av ein av elevane frå Øyna som gjekk på skule på Kile, nemleg Salve Øyna d.e., f. 1935. Øyna fekk ikkje ordentleg køyrevegsamband med resten av Iveland før enn i 1961.