Den eldre Mannevegen

Denne ridevegen var vegen frå garden Loka til handelsmannen på Berkjeland (Birkeland) og til kyrkja på Hægebostad, fram til 1875. Ridevegen ligg noko oppmurt langs foten av fjellet under Bjørkåsen. Elles visest ridevegen som ein hôlveg frå Lokånè opp Dyddekleivè. Ridevegen er skoren over av det søre grustaket og av ein sideveg til traktorvegen. Her i Dyddekleivè blei ridevegen omlagd som kjerreveg i 1875, opprusta til traktorveg i 1991. Det som blei gjort i 1875, blei gjort privat for å framskunda det offentlege veganlegget av Naglestadvegen då det stod strid om linevalet. Men det som blei gjort i 1875, fekk berre tre års verdi, bortsett frå at mange gjekk den nye kjerrevegen opp Dyddekleivè som ein snarveg fram til 1940-åra. I 1878 blei Naglestadvegen ferdig bygd etter ei heilt anna line nedover om Bjærum.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/242049
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1056033&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.274W, 58.374S, 7.280E, 58.379N); Hægebostad