Rideveg, i bruk som presteveg frå katolsk tid til 1760, i allmenn bruk til 1950-åra og noko i bruk til 1993, merka som turløype. Han kryssar kommunebytet ved Torshedder (Stivleknutheddaren), går framom Kjeddingkjepten (eit varp), går nedfor ei kleiv til ei løeslåtte som heitte "Hòve a Lars", går vidare om ei løeslåtte som heitte Tyskland (mellom Rumpetjødn og Heiestøl) og kjem ned til nydyrkingsfeltet Bø like før Årli. Vegen ber preg av ein hôlveg og blir au kalla Nordmannsvegen. Ein nordmann var ein som kom frå vest (det var på Vestlandet dei opphavlege nordmennene budde); dette smitta over på omtalen av himmelretninga så at dei omtalte alt frå sant vest til sant nord som "nord".