Uten navn

Lokaliteten er på om lag 64 m2. Den ligg i skråninga sør-søraust for bustadhuset på Vestnesgarden gbnr. 51/1, om lag 50 meter unna huset.

Lokaliteten ligg ca. 8-12 moh., i dyrka mark. Den har noko le i nordaust på grunn av eit høgdedrag, men elles er det opent i alle retningar. Den har vidt utsyn over Flatevågen, og elles ganske bra utsyn i alle retningar bortsett frå nord og nordaust. I dag veks det nokre tre nede ved sjøen som sperrar for litt av utsikta den vegen.

Det er fleire av strukturane som strekk seg inn i kantane av sjakta, og det reknast derfor som sannsynleg at lokaliteten strekk seg noko ut til desse sidene. Fordi det berre var ein smal trasé som skulle undersøkast blei det berre opna éi sjakt, og det er derfor ikkje mogleg å seie kor langt utover den strekk seg.

Alle strukturane er tolka som lagrestar. Dei ligg til dels nokså spreidd, og fleire av dei er svært tynne. På dei fleste var det vanskeleg å finne ei klar avgrensing i plan. Alle ligg under eit 15-30 cm tjukt lag med matjord, og over undergrunn av sand eller leire. Den tydelegaste stratigrafien synest i struktur 17, sjå figur 76. Det blei tatt ut to kolprøver og ein pollenserie. Kolprøvene er datert til 361-177 f. Kr. og 392-538 e. Kr.

Alle strukturane blei snitta for å undersøke kva dei var, sidan dei først blei tolka som usikre kokegroper. På denne måten blei fleire av dei avskrive, då det viste seg at dei berre var tynne linser med kol. Den einaste som ikkje blei snitta er struktur 16. Denne var såpass tydeleg i plan at den blei rekna som sikker, og for å spare tid den blei den ikkje snitta.

Lagrestane er ca. 3-10 cm tjukke, frå 50 til 100 cm lange og 40 til 60 cm breie. Dei fleste er 6-7 cm tjukke. Dei ligg spreidd i éi sjakt over eit 27 m x 2,5 m stort område. Det er dermed berre flekkar igjen av eit tidlegare lag.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/272166
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2223181&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2020
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.078W, 62.628S, 7.078E, 62.628N); Vestnes