Indre Harøy, Lok. 3

Lokalitet på om lag 4 daa, definert på bakgrunn av litiske funn og observerte kulturlag i manuelle og maskinelle prøvestikk. Det var gjort 137 litiske funn. Lokaliteten er i hovudsak kartfesta utifrå terrenget – den ligg på toppen, og på landsida av en nokså markant voll, truleg ein gamal strandvoll. På båe sider av vollen, mot aust og vest, er det djup myr over minerogen strandavsetning. Mot vest søkk terrenget bratt frå toppen, mens mot aust er hallinga svak. Mot nordvest og mot sør er lokaliteten avgrensa av knausar, med berg i dagen. Sjølv om avgrensinga medfører at det ligg ein del negative prøvestikk innanfor lokalitetsflata, vert det rekna som truleg at det kan ha vore aktivitet på heile området. Den påviste aktiviteten verkar vere størst mot toppen av vollen, og på den nordlege delen av lokalitetsflata – det var her det vart påvist kolholdig masse tolka som kulturlag. Det føreligg ei radiologisk datering frå lokaliteten, som antydar seinmesolittisk tid, SM2. Denne dateringa stemmer godt med strandforskyvingsdiagram for området. I seinmesolittisk tid låg havnivået kring 12-13m over dagens.

Lokaliteten ligg på oppdyrka innmark tilhøyrande gbnr. 3/2 på Indre Harøy i Hustadvika kommune, på ein nokså markant voll sørvest på ei større oppdyrka flate, om lag 180m sørvest for løa på gardstunet. Lokaliteten er skjerma mot nordvest av ein mindre knaus med berg i dagen.

Stratigrafien på område er består av matjord på kring 5-30cm over minerogen masse, som varierer frå raudbrun humogen sand, til sandholdig grus. På nordre del av lokaliteten, og langs toppen av vollen, er det imellom desse to laga observert kolholdig masse tolka som kulturlag, som i prøvestikk hadde ein påvist mektigheit på 15-20cm. Det vart gjort funn båe i kulturlagskontekst, og nedover i minerogen masse.

Det føreligg ein analysert kolprøve frå lokaliteten: KP52020EK – BETA – 581585. 6800 +/- 30 BP. SM2. 4 kolfragment vart treartsbestemt. Alle var hassel (Corylus)-nøtteskall. C14-analyse på brent hasselnøtteskall indikerer datering til Senmesolittisk tid.

Kulturminnet verker vere godt bevart, og er truleg ikkje påverka utover det som kan forventast når ein lokalitet som ligg på oppdyrka innmark. Grunneigar antyda at det kan ha vore henta ut torv i området, men vi kunne ikkje sjå at dette skal ha førekomme innanfor lokalitetsavgrensinga.

Basert på innhenta opplysningar om funn av flint, var det oppretta ein uavklart lokalitet, ID 159908-1, på området frå tidlegare. Det blir rekna som sannsynleg at desse opplysningane heng saman med den ovanfor beskrivne lokaliteten. Den tidlegare registrerte lokaliteten blir liggande inne i Askeladden for å bevare lokalitet ID, då denne er nytta i sakshandsaminga. Men statusen blir endra til ikkje freda, med tilvising til den føreliggjande lokaliteten.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/271968
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2493518&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2020
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.949W, 62.881S, 6.950E, 62.882N); Hustadvika