To kokegroper. Den fyrste vart funne av maskinførar Aleksander Grønli frå Solberg Hage & Anlegg AS, under arbeidet med å anlegge ein skatepark/rampe rett nordaust for Spetalen skule. Han ringte inn til Viken fylkeskommune og underteikna rykka ut for å dokumentere. Når vi fyrst var på staden fekk vi Aleksander til å avdekke litt til, og då dukka kokegrop nr 2 opp. Området er del av ein reguleringsplan som vart godkjent av Råde kommune alt attende på 1980-90-tallet - ei tid det ikkje var så nøye med arkeologiske registreringar i førekant av tiltak. Området har vore nytta som brakkerigg når den nye skulen vart bygd, så det låg eit dekke på opp til 1 meter med kult over den gamle markoverflata. Under denne var undergrunnen, som består av raudgul, fin sand, godt bevart. Kokegropene dukkar opp rett under torvhorisonten som utgjer den gamle markoverflata. Det var ikkje meir for oss å gjere enn å dokumentere dei restane vi såg og takke Aleksander for at han meldte inn funnet av kokegropa.