ID 281670 er ein lokalitet beståande av fire enkeltminner; to dyrkingsflater frå bronsealder, ein dyrkingsflate med mogleg eldstad frå romartid og eit aktivitetsområde frå yngre steinalder og eldre bronsealder. Fleire av enkeltminna overlappar kvarandre.
Det er gjort større og mindre inngrep i landskapet, frå oppbygging av terreng, utbetring av veg og nedlegging av kisteveiter og dreneringsgrøfter. Det blir opplyst at det har stått ein butikk innanfor deler av lokaliteten, som også kan forklare ein del av forstyrringane vi ser i undersøkinga.
I austre kant av lokaliteten går ein eldre ferdselsåre som har vore brukt som veg til og frå sjøen. Kyrkjestaden i Alversund strekk seg tilbake til mellomalderen, og det er mogleg at denne vegen då har blitt brukt.
Både dyrkingsflata frå yngre bronsealder, 281670-1, og steinalderlokaliteten, -2, er avgrensa i aust av ein stor fyllingsfot som vart anlagt i samband med husbygging. I botn av denne fyllingsfoten er det eit større søkk der det er grave ned ei stor kisteveite.