Kvassnes lok. 2 er definert av to funnførande/positive prøvestikk: SSR3 og SSR9. Den har eit areal på 150 m², og er 14 m lang og 13 m brei på det meste. Lokaliteten ligg på ein terrasse 16-18 moh, på gnr. 188, bnr. 802. Den ligg nordaust for lok. 1, med utsikt mot sør og søraust. Lokaliteten er avgrensa av berg i aust og nordaust med negative prøvestikk på sida av berget. Det er elles negative prøvestikk i utkanten av flata. Terrassen ender i sør og sørvestleg retning bak dei negative prøvestikka, der det er opent berg. I nord skrår terrenget oppover. Det er også berg bak dei negative prøvestikka i vest og nordvest. Vegetasjonen består av myrtorv med grastuer i topp. Det er nokre einebuskar på flata, og tre i utkanten.
Det er totalt gjort 4 gjenstandsfunn på lok. 2. I SSR3 er det funne eitt avslag frå flateretusjering/hogging av flint og eitt avslag med retusj av mørk kvartsitt. I SSR9 er det funne eitt avslag av flint og ein tangespiss av flint. Tangespissen er svakt vassrulla, har avbroten odd og noko slitasje.