Dyrkingsområde 2

Dyrkingsområdet ligg i dag ei dyrkamark, 18-19,5 moh, i svakt hellande terreng ned mot Nerbøvågen i nord. Lokaliteten er lagt inn i Askeladden som rundt 180m2. Det er stort sannsyn at den held fram mot aust. Lokaliteten si avgrensing er sett mot negativt prøvestikk TEN13 og fram til området kor det ikkje er synleg i sjakt 6. Det er gravd ei kloakkgrøft midt i sjakta, men dyrkingsområdet ser ut til å stoppe nokre meter frå, slik at grøfta ser ikkje ut til å ha gjort fkade på lokaliteten. Moderne landbruksaktivitet har likevel grepe inn i laget fleire plassar også her.

Det vart tatt ut prøve frå under matjorda og dyrkingslaget østprofilen. Det nedste laget (lag 4) vart sendt inn til analyse, men materialet var for dårleg (innehaldt smårøter, ikkje kol) til å daterast. Det fins difor ikkje datering frå området. Laget synast likevel å vere så tydeleg sett ut frå eigenskapar, tjuknad og djupne, at det er med stort sannsyn at det er eit førhistorisk fossilt dyrkingslag.

Laget si utstrekning setjast i samanheng med funna i prøvestikk 14, og tolkast følgeleg å halde fram under området kor det under registreringa låg rundballar.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/265811
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1921090&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2019
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.886W, 62.811S, 6.887E, 62.811N); Aukra